Vekst gjennom
synlegheit

Gruppemedlemmer som står sammen i et labbområdet, smilende, med utstyr og hyller i bakgrunnen.

Mediehub er bygd på ein enkel tanke: God marknadsføring handlar ikkje berre om verktøy. Det handlar om kreativitet, erfaring og godt handverk.

Mann som holder en tydelig og informativ presentasjon foran en gruppe forretningsfolk i et moderne kontor, med en whiteboard som viser diagrammer og overskrifter relatert til å vokse en bedrift og sikre finansiering.
Tre menn står i en kontorgang, smilende og iført forretningskledd, hver med ulike sko.

I over 30 år har vi jobba med marknadsføring, design, profilering, innhald og synlegheit for bedrifter i Nordfjord og resten av landet. Gjennom alle desse åra har teknologien endra seg mange gongar, men éin ting har vore den same: Det er framleis menneskelege idéar, kreativ forståing og originale løysingar som skaper merksemd, byggjer tillit og gir resultat.

Lang erfaring

Korleis skille seg ut

I dag har nesten alle tilgang til dei same verktøya. KI, nettsideløysingar, annonseplattformar og designprogram har blitt enklare å bruke enn nokon gong. Samtidig har marknaden blitt full av innhald som liknar på kvarandre. Då blir kreativitet, erfaring og strategisk forståing viktigare enn nokon gong.

Vi trur ikkje teknologi åleine skaper vekst. Teknologi er eit verktøy – ikkje løysinga i seg sjølv. Det er menneska bak verktøya som avgjer korleis dei blir brukte, korleis idéane blir utvikla og korleis ein skaper stoppeffekt i ein marknad full av støy.

Tre menn i industriell setting som diskuterer et stort hvitt panel.
HEILSKAPLEG VERKTØYKASSE

Difor er Mediehub bygd som ei heilskapleg verktøykasse for moderne marknadsføring. Film, design, nettsider, profilering, annonsering og strategi fungerer sterkast når alt heng saman og peikar i same retning. Den største verdien oppstår ofte i kombinasjonen mellom ulike fagområde, der kreativitet, teknologi og erfaring spelar saman for å skape meir synlegheit og betre resultat.

En mann med hodetelefoner og svart genser som jobber med store fargede plakater på en arbeidsbenk i et kontorlignende rom.
En kvinne med briller og rødbrunt hår jobber med å tape en blokk av tre i et rom med store vinduer og taklys.

Eit sterkt fagmiljø

Bilde av en mann med lyst hår og smilende uttrykk, iført lys blazer og skjorte, i et kontorlandskap
Portrett av en mann i formelt antrekk, med blå skjorte med små prikker og knappesnøring, smilet litt synlig, i en innendørs korridor, høy fokusering på ansiktet, uskarp bakgrunn.
Nærbilde av en mann med mørk dress og skjorte, smilende i en korridor.

Mediehub består av sterke fagmiljø fleire stader i Nordfjord. Frå kontoret i Deknepollen i Kinn kommune jobbar CEO Geir Arne Solheim med konseptutvikling, strategi og kreativ retning. Frå Breim i Gloppen kommune leier Managing Director Stian Myklebust arbeidet med produksjon, profilering og gjennomføring. På Nordfjordeid i Stad kommune jobbar Art Director Trygve Johan Solheim med design, visuell identitet, film og kreativ utvikling.

Mediehub Group AS er eit selskap i gruppering med Mediehub Repix AS og Mediehub Frequency AS, i tillegg til ei rekkje handverkarar, kreative fagmiljø og spesialistar i ulike partnerselskap. Saman kombinerer vi ulike erfaringar, perspektiv og spesialitetar for å hjelpe bedrifter å bli sett, hugsa og valde.


Målet vårt er enkelt: 

Å skape vekst gjennom synlegheit.

Ofte stilte spørsmål om Mediehub Group